galdhpiggen per arne vole

Ikkje nokon stad finn du avveksling som i fjellheim. Her kan du oppleve alle årstidene på ein gong. Du kan sjå ut over “halve kongeriket” og få med deg frodig innlandsnatur og ville fjellandskap. Med bil er det berre 1 1/2 times tur til dei mest kjende Vestlandsfjordane.

I Jotunheimen finn du dei fleste 2000-toppane i landet med Galdhøpiggen og Glittertind som dei mest kjende. Dei mange og mektige isbreane innbyr til flotte opplevingar og dei spennande grottene i Dumdalen innfrir til fulle eventyrlysten. I høgsesongen er det dagleg føring over dei mange isbreane og kjentfolk tek deg med på topp- eller grotteturar.

Om hausten innbyr Jotunheimen til opplevingar i ein fargesprakande natur. Fredelege fjellvidder lokkar heile vinteren og om våren, når naturen livnar til etter ein lang vinter, er det ingenting som kan måle seg med fjellet. Her på hotellet kan du sjølvsagt boltre deg i vår Trim & Trivselsavdeling. Foto Galdhøpiggen: Per Arne Vole.