Aktuelle turar med bil

Geografisk ligg Lom nokon lunde midt mellom Oslo, Bergen og Trondheim og er eit av dei beste utgangspunkta for å oppleve både fjell-Noreg og Vestlandet. 1 ½ time til fjordane 1 ½ time til Geiranger, 5 timar frå Oslo, Trondheim og Bergen. Frå Fossberg og Lom er det mange aktuelle dagsturar med bil som kan kombinerast med stopp på høge fjellovergangar, ved mektige vestlandsfjordar eller på ein av dei mange attraksjonane langs vegen.

Frå Sogndal kan du ta turen nordover til Fjærland med veldige brearmar stupande heilt ned i dalen – vidare til Stryn og så attende langs den Gamle Strynefjellsvegen til Skjåk og så attende til Lom.

Sognefjellsvegen og Gamle Strynefjellsveg er båe opparbeidd som nasjonale turistvegar. Du kan i løpet av ein dag få med deg frodig  innland oppover Bøverdalen, mektig høgfjell over Sognefjellet, kontrastane når du kjem ned til Sognefjorden.