lom2210

Geografisk ligg Lom nokon lunde midt mellom Oslo, Bergen og Trondheim og er eit av dei beste utgangspunkta for å oppleve både fjell-Noreg og Vestlandet. 1 ½ time til fjordane 1 ½ time til Geiranger, 5 timar frå Oslo, Trondheim og Bergen. Lom ligg midt i hjartet av Jotunheimen og  du vandre langs meir enn 50 merka DNT-ruter eller ta turen opp på meir enn 150 totusenmetringar dersom du ynskjer ei betre utsikt over dette storslåtte landskapet. Men Lom har ikkje berre natur å by på. Gamle bygningar blir teke vare på og tradisjonar haldne i hevd. Lom og Skjåk er eit av dei mest nedbørs fattige områda i Noreg, med berre 270 mm årleg nedbør! Eit gamalt ordtak herifrå seier at dersom Gud skaffar oss sol skal vi sjølve skaffe væte.

Kom til Lom og Jotunheimen i år og ta med deg familie og vener. Lom Turistkontor (tlf 61 21 29 90) kan  hjelpe deg å gjere opphaldet her så opplevingsrikt som du ynskjer det.

lom 2208

Jotunheimen nasjonalpark
Jotunheimen nasjonalpark vart oppretta i 1980 og har eit areal på om lag 1150 kv.km. 52% av parken ligg i Lom. På sentrale innfartsstadar til parken er det sett opp informasjonstavler. Nasjonalparken er det mest fjellflyte landskapet i Noreg. Dei 27 høgste fjelltoppane i landet finn vi her. Forutan høge fjell har parken mange frodige dalar, ei rekkje isbrear og fleire store innsjøar. Innanfor parken er det lagt godt til rette for friluftsliv med fleire turisthytter og mange stigar som er merka.

lom 2165
lom 2223