hytter skisse

For deg som ynskjer eit opphald basert på sjølvhushald, kan vi i sommersesongen tilby godt utstyrte leiligheiter i motell og campinghytter med flott utsikt. Alle hyttene og leilighetene har veranda/uteplass som vender ut mot Lom sentrum og Otta-elva.

Viktig info!
Grunna Covid19 situasjonen er det nødvendig å gjera nokre endringar i forbindelse med hytteutleie.
Vi forheld oss til bransjenormen for handtering av smittevern utarbeida av NHO reiseliv og gjer fylgjande tiltak:

Vi tek ut dekketøy av hyttene og dei små leilighetene, dvs at ein anten må ha med eiget dekketøy eller bruke eingongs. Kjel og steikepanne blir framleis å finne i hytta.

Dyner og puter er fjernet frå hytter og leiligheter. Ein kan da ta med eige komplett sengesett/ sovepose eller ein kan leie dyne og pute med trekk i resepsjonen (må forhåndsbestilles). Vi legg på reint laken på alle sengene etter kvar utleie.

Hyttene har to soverom med 4 – 5 sengeplasser (familieseng 120cm underkøye+75cm overkøye), dusj og wc, kombinert kjøkken og stue med fjernsyn. Kjøkkenet er utstyrt for enkel matlaging. Her er minikjøkken med to kokeplater, kjøleskap, kaffetrakter og kopper og kar. Fin veranda med utsikt ut i dalen mot elva og Lom sentrum.

Leilighetene finns i to størrelser. Dei minste passer for 1 – 3 personer (familieseng 120cm underkøye+75cm overkøye), , har dusj og wc, kombinert kjøkken og stue med fjernsyn. Kjøkkenet er utstyrt for enkel matlaging. Her er minikjøkken med to kokeplater, kjøleskap, kaffetrakter og kopper og kar. Fin veranda med utsikt ut i dalen mot elva og Lom sentrum. Dei største leilighetene har to soverom med 5 – 6 sengeplasser, dusj og wc, kombinert kjøkken og stue med fjernsyn. Kjøkkenet er godt utstyrt med komfyr, oppvaskmaskin, kaffetrakter, kjøl/fryseskap og ellers det ein har bruk for av koppar og kar. Fin veranda med utsikt ut i dalen mot elva og Lom sentrum.