Fjellturar

kyrkja
Den majestetiske Kyrkja ved Leirvassbu er eit mykje brukt turmål som du berre treng god pust og brukbart turutstyr for å gå opp på. Du bør heller ikkje vere prega av alt for mykje høgdeskrekk. Turen kan du gå utan førar.

Fjellet pregar området rundt Fossberg og Lom sentrum. Jotunheimen ligg der vill og vakker med ei rekkje moglegheiter for deg som ynskjer utfordringar og opplevingar. Du kan velge enkle turar for heile familien langs trivelege naturstigar med utgangspunkt frå hotelldøra på Fossberg. I Jotunheimen kan du velge å rusle langs langs bekk og stig nede i dalføra, vandre langs ei mange oppmerka turiststigane mellom turisthyttene eller gje deg ut på tøffare turar til ein av dei mange 2000-meter toppane. Fleire turisthytter i fjellet har førarar som tek deg med på spesielle toppar. Naturopplevingar a/s har spesialisert seg på gruppeturar til toppar og brear i Jotunheimen. Hundrevis av personar er med i tauglaga frå Juvasshytta eller tek turen frå Spiterstulen til Galdhøpiggen – det høgste fjellet i Norge (2469m.).  Kontakt Lom turistkontor for meir informasjon (61212990). Sjå også www.visitjotunheimen.com