fossbergomgamalt Før i 1894 var det to kvernbruk, to butikker, eit bakeri og ein klokkargard med skulehus på sørsida av Bøvre (Fossbergom). Eit påbod om at jorda på prestegardane skulle reduserast, førte til at fire menn i 1894 gjekk samman og kjøpte Ulstad. Jorda vart delt i fire bruk: Ulstad nødre, Ulstad midtre, Ulstad søre og Ulstad nedre søre. Desse vart selde som jordbruk, og brukte slik fram til etter siste krig. Riksveg 15 vart som ein gjeile frå fossberggamalt2Gjeisar til Prestbrua, ein gjeile der det ikkje berre for hestelass og seinare bil-lass, men der det og for kyr som gjekk til og frå beitet i hamnelykkjene i lia ovafor. Samstundes tok tre av kjøparane til med turistverksemd på Fossbergom. I 1994 feira desse bedriftene 100-års jubileum mellom anna ved å gje ut eit jubileumshefte om utviklinga av Fossbergom.

Drifta på Fossberg Hotell i gang før 1900
Etter å ha selt vidare tre av dei fire bruka Ulstad vart oppdelt i , sat John Haugen att med Ulstad midtre, som han gav namnet Fossberg. Drifta på Fossberg Hotel kom igang før 1900, for det året søkjer han om løyve til å skjenkje heimbryggja øl, og to år seinare fekk han øl- og vinrett. Hotellet hadde kjøken og to stugu, to klevar og gang i fyrste etasje, 7 soverom i 2. etasje, 3. etasje hadde dansesal, eit soverom og eit loftsrom. Ola P. Lund, Skjåk, kjøpte Fossberg i 1926, og fram til 1946 var det gardsdrift, kafe og fast utleige av husvære som gav hovudinntektene. Frå 1946 kunne dei føre hotellet attende til det det var bygd for før 1900, og kunne ta imot 12 gjestar om gongen. Fyrste ombygginga av hovudhuset vart sett i gang i 1953 og steg for steg har Fossberg vorte ombygd og endra til det moderne hotellet Fossberg er i dag.