Sommarski

I Lom ligg det til rette for skigåing heile året. Våre isbrear og høge fjellplatå gjer at det er stor aktivitet både med alpint/snowboard/telemar og langrenn heile sommaren. I området rundt Fossberg og Lom sentrum ligg det godt til rette for supplerande barmarkstrening.

Galdhøpiggen Sommerskisenter ligg ved foten av Nord-Europas høgaste fjell, 1850 m.o.h. Senteret tilbyr eit topp moderne skianlegg med alle fasilitetar, romsleg kafeteria med 210 sitteplasser, og utleie av moderne skiutstyr. Sesongen varer fra fra juni – medio november, og skisenteret garanterer snøkvalitet blant verdens beste. Den 1500 meter lange bakken egner seg like godt til alpint, telemark og snowboard. Et stort antall landslag velger å trene på Galdhøpiggen Sommerskisenter. Galdhøpiggen Sommerskisenter ligg ca. 40 minuttars kjøring frå Lom sentrum. Om sommeren kan du ta rutebuss opp til senteret.

Tilhøva ligg svært godt til rette for sommarskiløping i området rundt Sognefjellshytta og på Fannaråkbreen. I samarbeid med Sognefjellet Sommarskisenter tilbyr dei der topp prepaerte løypetrasear for profesjonelle og hobbyløping. Dersom det skulle bli lite snø i området rundt Sognefjellshytta, blir det kjørt opp løypetrasear på breane i området.