basseng

Velkommen til vårt trim- og trivselsanlegg med svømmebasseng for barn og vaksne, boblebad, badstue, godt utstyrt treningsrom og squashbane. Her kan du boltre deg i mange aktivitetar. Du kan velje i eit svært godt utstyrt styrke- og kondisjonsrom med apparat for dei fleste av musklane i kroppen, svømmebasseng med boblebad og barnebasseng, badstue og squashall. Inngang til Trim- & Trivselsavdelingen via resepsjonen.

Opningstider:     

TRIM OG TRIVSELSAVDELINGA ER OPEN FOR FOSSBERG’S BUANDE GJESTER FRA KL 10 TIL KL 20

 

Svømmebasseng, boblebad, badstue 
bad DSC_0049Svømmeavdelingen omfattar 12,5m svømmebasseng med djubde frå 1 til 1,90 meter. Barnebassenget har ein liten foss og passer svært godt til dei aller minste. Boblebadet har ekstra varmt vatn og plass til 8 vaksne. For å starte boblebadet treng du ein eigen polett som du kjøper i resepsjonen (kr. 20 for 15 min.). Bassengkanten er godt utstyrt med bord, stolar og liggjestolar. Barn under 15 år må ha med seg vaksne i bassenget. To badstuer finn du med tilknytning  til  garderobene. Badstuen blir slått på når du ynskjer det. Gje beskjed i resepsjonen.

Kondisjon- og muskeltrening
Trening1Trening2Trening3
Styrke- og kondisjonsavdelingen er godt utstyrt med forskjellige apparat. Til oppvarming og kondisjonstrening kan du velje i tredemølle, ergometersykkel og step-maskin der du på ein enkel måte kan leggje opp løpet sjølv på kontrollpanelet. Du kan sjølv velje variasjon i intensitet og kor lenge innsatsen skal vare og du kan til kvar til fyljge med på hjartefrekvens og kaloriforbruk. I apparatdelen finn du det du treng for å halde dei fleste muskelgruppene i aktivitet.

Squashbane (dessverre midlertidig stengt)
Squash er spel mot vegg med ball og racket. Mest vanleg er spel mellom to personar. I staden for nett i mellom som i tennis, går spelet her føre seg mot ein vegg. Spelarane slår ballen annan kvar gong.

512SquashSquash1