Sjølve naturen er kanskje den største attraksjonen vi kan tilby i Lom/Jotunheimen  I Lom sentrum kan du bruke timar langs den såkalla Bergomsrunda og få med deg både Fossheim Steinsenter, Norsk Fjellsenter, Lom stavkyrkje og Lom bygdemuseum. I sesongen er det omvisning med guide på denne runda. Lom sentrum er ein attraksjon i seg sjølv med den buldrande Prestfossen, eit yrande folkeliv og ein einsarta byggeskikk som er viden kjent.