Lomskyrkja er ei av dei største og vakraste stavkyrkjene i landet. Ho skriv seg frå tolv-hundretalet og er fremleis i bruk som hovedkyrkje i Lom. Treskjeraren Jakop Sæterdalen er meister for korbogen og preikestolen. Ope: 09 – 21 kvar dag frå 15. juni – 15. august. Felles inngangsbillett med Norsk Fjellmuseum og Lom Bygdamuseum. Omvisning utanom opningstidene etter avtale (turistinf.- tlf 61 21 29 90).
Lom stavkyrkje er 850 år i 2008 og det er lagt opp til eit storstilt program – mellom anna med kronprisen Haakon som ein av gjestane.