Brevandring

brevandring
Brevandring ei eineståande oppleving.

Heile 90% av Lom er dekt av fjell og bre. Dei mange majestetiske isbreane gjev deg ekstreme naturopplevingar. Jotunheimen har mange brear som egnar seg for brevandring og her blir det arrangert turar med lokalkjende guidar. Dei mest kjende er Svellnosbreen (Eventyrisen) og Smørstabbreen. Ein bretur er ei naturoppleving av dei sjeldne. Men, skal du krysse ein snødekt bre, må du alltid vere sikra med tau og gå saman med nokon som har kunnskap og utstyr slik at du meistrar vanskelege situasjonar.