Vår konferansesal har plass til ca. 40 personar og er utstyrt med moderne presentasjonsutstyr.
I tillegg til hovudsalen kan vi stille fleire grupperom til disposisjon, også desse med AV-utstyr. Kombinert med stor serveringskapasitet i matsal og kafeteria og rikeleg med aktivitetstilbod i nærområdet ligg det godt til rette for eit vellykka kurs eller konferanse. Her i Lom kan møte og konferanser enkelt kombinerast med opplevingar i Lom og Jotunheimen. I Lom sentrum finn du attraksjonar som Lom stavkyrkje, Norsk Fjellsenter, Fossheim steinsenter og Lom bygdamuseum. Frå hotellet kan det enkelt gjennomførast enkle eller meir krevande fotturar langs naturstigar eller til den majestetiske Lomseggen. Andre aktuelle innslag er dagsutflukter til Galdhøpiggen, sommarski på Galdhøpiggen sommerskisenter, brevandring og grottetur i Dumdalen.