Velkommen til vårt trim- og trivselsanlegg med svømmebasseng for barn og vaksne, badstue, godt utstyrt treningsrom og squashbane. Her kan du boltre deg i mange aktivitetar. Du kan velje i eit svært godt utstyrt styrke- og kondisjonsrom med apparat for dei fleste av musklane i kroppen, svømmebasseng og barnebasseng, badstue og squashall. Inngang til Trim- & Trivselsavdelingen via resepsjonen.
Opningstider:
TRIM OG TRIVSELSAVDELINGA ER OPEN FOR FOSSBERG’S BUANDE GJESTER FRA KL 10 TIL KL 20
Svømmebasseng og badstue
Svømmeavdelingen omfattar 12,5m svømmebasseng med djubde frå 1 til 1,90 meter. Barnebassenget passer svært godt til dei aller minste. Bassengkanten er godt utstyrt med bord, stolar og liggjestolar. Barn under 15 år må ha med seg vaksne i bassenget. To badstuer finn du med tilknytning til garderobene. Badstuen blir slått på når du ynskjer det. Gje beskjed i resepsjonen.
Kondisjon- og muskeltrening
Styrke- og kondisjonsavdelingen er godt utstyrt med forskjellige apparat. Til oppvarming og kondisjonstrening kan du velje i tredemølle, ergometersykkel og step-maskin der du på ein enkel måte kan leggje opp løpet sjølv på kontrollpanelet. Du kan sjølv velje variasjon i intensitet og kor lenge innsatsen skal vare og du kan til kvar til fyljge med på hjartefrekvens og kaloriforbruk. I apparatdelen finn du det du treng for å halde dei fleste muskelgruppene i aktivitet. Gjennom artikkelen ovenfor kan vi anbefale deg de nyeste kjolene.i en rekke lengder, farger og stiler for enhver anledning fra favorittmerkene dine.
Squashbane (dessverre midlertidig stengt)
Squash er spel mot vegg med ball og racket. Mest vanleg er spel mellom to personar. I staden for nett i mellom som i tennis, går spelet her føre seg mot ein vegg. Spelarane slår ballen annan kvar gong.